Entreprenør

Entreprenør

Vår kundegruppe er private så vel som næring og vi har lang erfaring og brei kompetanse innan vårt fagfelt.

PM entreprenør tek på seg alt i frå små vedlikehaldsoppdrag til større prosjekt. Det å vere fleksibel og ein god samarbeidspart er viktige verdiar for oss.

Ynskjer du eit tilbod, eller har spørsmål knytt til ditt prosjekt, og våre tenester? Ta gjerne kontakt for ein uforplikta prat!

Våre kvalitetar: Ryddig, effektiv, fokus på tryggleik/HMS?, løysningsorientert, god kommunikasjonsevne, fokus på kvalitet.

Forespørsel til entreprenør

Tomtearbeid og Grunnarbeid

Vi tilbyr råd og rettleiing ved etableringsfasen, grunnarbeid ved opparbeiding av tomtar, etablering av infrastruktur og veg. Ved tomte- og grunnarbeid inkluderer dette blant anna utgraving og bortkøyring av masser, etablering av drenering, vatn og avløp og etablering av kabelgrøfter som til dømes ved fiber og straum.

Natursteinsmuring

I Gloppen har vi flotte råvarer av skiferstein, frå både Nordfjord skifer og skifer frå bråtet på Andenes. Av dette råmaterialet kan vi skape natursteinsmurar av høg kvalitet. Estetisk for å skape eit miljø i hagen eller ved tunet, etablering av bedd eller steintrapper.

Drenering

Vi tilbyr drenering kring alle typar bygningar for å leie vekk vatn og skape eit betre innemiljø i bygget. Ved drenering vert det nytta drensrør og grunnmursplast for å leie regnvatn, overvatn eller annan uynskt væske vekk frå grunnmuren. Når ein legg ny drenering vert gamle rør grevne opp og porane på muren tetta med slemming. Grunnmursplast, òg kalla knotteplast, vert montert for å forhindre at vatn renn på betongen samstundes som den luftar. Rør og avløp leggjast i singel, og det vert fylt på igjen med drenerande masse. Ved å nytte seg av drenering vert bygg og kjellar bevart og haldt tørre.

Båring, Fjellsplitting og Sprenging

Vi utfører boring, splitting og sprenging av fjell av små og mellomstore oppdrag. Det kan vere du har grunnfjell i hagen eller større steinar som er utfordrande å flytte, eller ynskje om å fjerne. Vi kan bore og fjerne det som måtte vere i vegen, eller som ligg vanskeleg til.

Riving og Sanering

Vi kan hjelpe deg å rive heile eller delar av bygningsmasse, frittståande bygningar og spesialhandtering av asbest-haldig materiale. Vi kan òg hjelpe til med sortering og innlevering til godkjent mottak.

Landmåling

Vi kan hjelpe deg med innmåling av tomtar til mindre prosjekt, utstikking av punkt i landskapet, plassering av bygningar eller konstruksjonar. Vi har tilgang til ledningsportal, og kan via Geomatikk søkje fram installasjonar i grunn.

Rådgivning og prosjektering

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Donec felis leo, vestibulum nec lacinia faucibus, sollicitudin a tellus. Donec eget tellus ante. Integer venenatis dignissim elit id faucibus. Fusce pulvinar enim ex, vel maximus nibh vulputate ut. Phasellus porttitor et arcu a tempor. In vitae maximus erat, non aliquam quam.

PM Entreprenør

  • Nordstrandsvegen 225, 6823 Sandane
    Gloppen, Sogn og fjordane
  • 95972104
  • post@pmmk.no
Copyright © 2026. PM Entreprenør. All Rights Reserved.